For ei oversikt over dei ulike funksjonane til programmet, grunnleggande hjelp sjå brukerettleiinga som følger programmet (Trykk Hjelp -> Brukerveiledning).
Denne steg-for-steg instruksjonen viser deg korleis du lagar denne sida heilt frå begynnelsen av og til du har lagt den ut på nettet.
Her følger ein del nyttige tips om funksjonar som du bør utnytte i programmet:
Under "Ressursar"-menyen i programmet finner du linkar til ein del eksterne ressursar som m.a. inneheld ein del gratis knappar og bakgrunnar som kan fiffe opp sida di.
Under "Ny"-menyen på sideoppskrifta har du eit element som heiter "Sidedeling". Ved å velge dette elementet, så ta muspeikaren over det og velge "Fast" og deretter trykke "Velg posisjon/høgde/breidd" kan du flytte vinduet som kjem opp rundt på sida, for å bestemme nøyaktig kor du ønskjer å plassere elementa som ligg mellom start og slutt på sidedelingselementet. På illustrasjonen til høgre har vi t.d. plassert eit bilde (volleyball01.gif) 273 punkter frå venstre kant av skjermen og 84 punkter frå toppen.
NB! Når du brukar fast sidedeling på heimesida di må du vere klar over at dei forskjellige brukarane ofte har forskjellige oppløysingar på skjermen din. Det gjer at den sida som visast perfekt på di maskin, ofte kan bli for stor for ein annan sin maskin, slik at han må bruke scroll-knappane til høgre og nede i nettlesaren for å vise heile sida
Av og til vil du at delar av innholdet du lager skal vere tilgjengelig på fleire eller alle sidene i nettstaden din. Dette kan t.d. vere ein meny med linkar til alle sidene dine. Når du har laga ein slik meny vil det vere tungvindt å måtte begynne å kopiere alt over på neste side. Istaden bør du legge menyen i ei elementgruppe, og så berre klikke "Ny" -> "Elementgruppe" for kvar side du vil legge den inn på. For å legge menyen i ei element gruppe må du markere alle elementa som skal vere med . Det gjer du ved å trykke ute til venstre (sjå ill.) på alle element du vil merke, mens du held nede shift- eller ctrl-knappen. Deretter klikkar du høgre mustast, og trykker "Lag elementgruppe". Gi den så eit passande namn, fks. "meny
Har du ein twain-kompatibel (hos dei fleste er dette standard) scanner, kan du hente inn bilda direkte til sida di i programmet. Dette gjer du ved å lage eit nytt bildeelement (trykk
) og deretter tar musa over elementet og trykker
. Etterpå kan du tilpasse størrelsen på bildet ved å trykke "Bildebehandling" og dra i kantane på bildet til det har riktig størrelse.